Klikkbart oversiktskart

Hovudmeny

Kontakt oss

Kart

Verd å sjå

Fjordopplevingar

Fiske

Sykkel

Fotturar

Padling

Jakt

     
 

0

BÃ¥thamner


Toppkategori Aktivitetar Fjordopplevingar BÃ¥thamner
Med eigen båt
Ein båttur i Osterfjord
byr på storslegne naturopplevingar. Her er det høgreiste fjell, fossefall, strie straumer og tronge fjordarmar.

Berre ei "båtlengde&" frå Bergen finn ein den største innlandsøya i Nord-Europa, Osterøy, omkransa av Sørfjorden og Osterfjorden.

Stadig fleire oppdagar kor spennande det er å reise med eigen båt i Osterfjord. Her er det store moglegheiter for å finne skjerma ankringsplassar utanfor allfarveg, og dersom ein vil treffe likesinna er Modalen staden.

Fjorden var tidlegare hovudfartsåra i regionen. Det finnes i dag difor mange bygder med gode kaianlegg i Sørfjorden og Osterfjorden, og ikkje minst på Osterøy. Dei fleste har ankringsplassar, og ein finn butikk og andre servicetilbod i nærleiken. Ein del har òg tilbod om bensin/diesel. Ta kontakt med Osterfjord Reiselivslag for meir informasjon.