Havråtunet- eit freda klyngetun på Osterøy
|
|
Tunet, Havrå
|
På Havrå på Osterøy ligg husa tett i tett, med bustadhus i midten og løer med florar i ytterkant. Denne tunskipnaden vert kalla klyngjetun. Tunskipnaden er eit resultat av byggjeverksemda på 1800-talet. Garden og bruka her har ikkje hatt utskiftning, og ein finn framleis den gamle teigblandinga frå eldre tid, så her kan du verkeleg merke atmosfæren frå gamle dagar. Havråtunet er eit av dei best bevarte fellestuna på Vestlandet.Tunet ligg mellom Osterøybrua og Bruvik. Det
er i privat eige, og me ber deg respektere det avgrensa tilgjenget.
Opnings Tider: Omvising medio juni–ultimo sept. søndagar 12.00–15.00 og tysdagar og onsdagar 12.00–15.00 i
skuleferien, elles berre for grupper etter avtale med Osterøy Museum (tlf. 56 19 34 40, faks 56 19 34 41).
Les meir på heimesida til havråtunet.