Klikkbart oversiktskart

Hovudmeny

Kontakt oss

Kart

Kulturminne

Verd å sjå

     
 

0

Kulturminne


Toppkategori Kultur Kulturminne
Ein av dei mest kjende steinalderbuplassane i landet.
Under helleren er sanden svart, nesten som oske. Her kor det aldri regnar eller veks planter, budde det steinaldermenneske for over 7000 år sidan. Her var det god tilgang på vilt, fersk- og saltvassfisk. Golvet i helleren vart brukt som avfallsdunge. Ved å grave seg nedover, har ein kunna stadfesta korleis livet var for steinaldermenneska i dei ulike tidsepokane.
Under hellaren

Straume
Sjå meir om historien til Skipshelleren på eiga nettside

Guidinga i Skipehelleren på Straume er no i full gang. Kvar veke går det no slag i slag med tilsaman 13 skular fram til ca 20. juni.

Dette prosjektet er vorte ein suksess og skular frå heile Hordaland kjem år etter år på besøk for å få oppleva den kjende steinalderbustaden i Vaksdal.
Les mer | Kulturminne | Skipshelleren

HAMRE KYRKJE : EI TUSENÃ…RLANG HISTORIE.

Hamre kyrkje ligg nær det vestlegaste punktet på Osterøy, der fire fjordar møtes. Frå førhistorisk tid har området vore ein møteplass for folk i Nordhordland. Då kristendommen kom til Vestlandet og det skulle bestemmast kvar hovudkyrkja for regionen skulle leggjast, fall valet naturleg på Hamre. Dette blei bestemt på Mostratinget i 1024. Vi veit ikkje om det allereie stod ei kyrkje på staden då, eller om det blei bygd ei ny til dette føremålet. I alle fall blei Hamre hovudkyrkje for området mellom Fanafjorden i sør og Gulen i nord gjennom fleire hundre år.
Les mere.. | Kulturminne | Kultur


Mo kyrkje.
Mo er ein gamal kyrkjestad. Det har stått 2 kyrkjer her tidlegare, på om lag same staden. Den første, ei lita stavkyrkje, vart sannsynlegvis bygd ein gong i tida 1150 - 1200, utan at ein har sikre skriftlege kjelder om det.
Les mere.. | Kultur

Osterøy museum
Osterøy Museum, 5282 Lonevåg, Tlf. +47 19 34 40
Omvisning for grupper etter avtale.

Osterøy Museum på Gjerstad er eit friluftsmuseum med ti bygningar. Få meddeg Heimvikstova og det spesielle Fjellskålnesloftet frå 1600-talet. På museet viser dei teknikken med å isolere uthus med brakje (einerbærbusk).

Du kan kjøpe kaffi og heimebakst på museet om søndagane.


Les meir om Osterøy museum.

Osterøy Museum Vognsamlinga
| Kultur

Havråtunet

Havråtunet- eit freda klyngetun på Osterøy


Tunet, Havrå
På Havrå på Osterøy ligg husa tett i tett, med bustadhus i midten og løer med florar i ytterkant. Denne tunskipnaden vert kalla klyngjetun. Tunskipnaden er eit resultat av byggjeverksemda på 1800-talet. Garden og bruka her har ikkje hatt utskiftning, og ein finn framleis den gamle teigblandinga frå eldre tid, så her kan du verkeleg merke atmosfæren frå gamle dagar. Havråtunet er eit av dei best bevarte fellestuna på Vestlandet.Tunet ligg mellom Osterøybrua og Bruvik. Det
er i privat eige, og me ber deg respektere det avgrensa tilgjenget.
Opnings Tider: Omvising medio juni–ultimo sept. søndagar 12.00–15.00 og tysdagar og onsdagar 12.00–15.00 i
skuleferien, elles berre for grupper etter avtale med Osterøy Museum (tlf. 56 19 34 40, faks 56 19 34 41).


Les meir på heimesida til havråtunet.

| Kultur

Skulemuseet på Straume

Eit velutstyrt museum som gjev ein eit godt innblikk i korleis undervisninga gjekk for seg i «gamle dagar».
| Kultur