Found at: http://www.osterfjord.net/article/articleprint/248/-1/92/

Daleelva - ei av dei beste lakse- og sjøaureelvane i Hordaland.


Toppkategori Aktivitetar Fiske Lakse-elvar Fiske


Dale-elva utløp kraftstasjon.Foto:S.Klyve
Hordaland fylkeskommune sin miljøpris for 2002 tildelt Dale Jakt og Fiskarlag og Nesttunvassdragets venner. Torsdag 12. juni mottok dei 2 laga prisen på fylkestinget i Lofthus. I tillegg heider og ære er prisen på kr 35.000 delt av dei to vinnarane med kr 17.500,- .

Nemnda sin grunngjeving for Dale Jakt og Fiskarlag er fylgjande:

”Dale Jakt og Fiskarlag får prisen for framifrå innsats for fisken i Daleelva, som trass

Tørr elv Dale. Foto:S.Klyve

industriutslepp og kraftutbygging framstår som ei av Hordaland sine beste sjøaure og lakseelver.
Sidan 1947 har Dale Jakt og Fiskarlag drive aktiv opplæring i jakt og fiske og kultivering av Daleelva i Vaksdal som lakse- og sjøaureelv. På dugnad har dei bygd opp eit eige klekkeri på Dale, og har kontakt med forskingsmiljø med utviklingsprosjekt innan kultivering. Laget har fungert som ei vaktbikkje for å passe på elva i tider då elva gjekk både gul og raud som fylgje av utsleppa frå Dale fabrikkar. Dei har også hatt ei aktiv rolle mot kraftregulanten BKK for å

få utført tiltak og betre tilhøva for fisken. Dale Jakt og Fiskarlag syner at det er mogeleg å samarbeide med både kraftutbyggjar og industriverksemd og få dei til å iverksettje tiltak som kan bøta på dei inngrepa som elles ville medført at fisken elva elva forsvann. Laget har synt ei framifrå vilje til å stå på for elva, og har mykje av æra for at Daleelva i dag er ei av Hordaland sine beste sjøaure og lakseelver trass sterk regulering av vatnet.



Daleelva går frå Dalevågen ved Stanghelle ca 5 km opp forbi tettstaden Dale i Vaksdal . Ho ligg nederst i Bergsdalsvassdraget og er kraftregulert av BKK. Dale Jakt og fiskarlag sitt arbeid med kultivering gjennom mange år har gjort at Daleelva for tida er ein av dei beste lakseelvane i Hordaland. Fangsten i 2002 var ca 800 kg laks og sjøaure . Elva er open for fiske for alle og delt inn i ulike fiskekort-sonar.
Daleelva klekkeri.Foto:S.Klyve




Til email:

*

Fra email:

*



| Tilbake til vanlig sidevisning | Tips en venn om denne artikkelen |