Found at: http://www.osterfjord.net/article/articleprint/284/-1/60/ |
Vikinghuset |
Huset ligg ca. 450 m.o.h i eit aktivt gardsmiljø. Her er både kyr, sauer, høns og katter. Om ynskjeleg kan ein få omvising eller delta på garden. Huset ligg i landlege og rolege omgjevnader, med flott turterreng både sommar og vinter.
Næraste handlesenter: 12 km (Dale). Busstopp like ved garden.
Fylkesvegen gjennom dalen har liten trafikk og egnar seg godt for sykling.
Sjå heimesida til Vikinghuset
På same tunet er det også ein serveringsstad som kan servera mat til ca 100 personar på bestilling.
Frå tunet går det også merka sti over fjellet til Verpelstad gård. turen tek 4-5 timar.