Initiativet til denne portalen vart teke høsten 2001. Portalen er bygd opp omkring Oserfjord Reiselivslag sitt
Opplevingskart for Osterfjord
3-dimensjonale fiske- og opplevingskart frå juni 2000.Dette er eit planleggingskart for å gje oversikt over området
Portalen er eit fellesprosjekt og finansiert av kommunane: Modalen, Osterøy og Vaksdal gjennom Osterfjord Reiselivslag .
Målet med portalen er å gje turistar og innbyggjarar lett tilgang til detaljerte opplysningar om fiske og flotte natur- og kulturopplevingar frå fjord til fjell ved Osterfjorden.
Prosjektgruppa har vore:
Osterfjord Reiselivslag: Karina Mæhle fram til ho slutta hausten 2002 og etterpå Bente Jorunn Sundheim
Vaksdal kommune: miljøvernrådgjevar Sveinung Klyve
Modalen kommune: Kristin Nåmdal og Harald Kjensli
Osterøy kommune: Sture Helle
Prosjektleiar var reiselivssjef Karina Mæhle (fram til ho slutta hausten 2002). Prosjektleiar har sidan februar 2003 vore miljøvernrådgjevar Sveinung Klyve i Vaksdal kommune.
Fiansiering:
Heile prosjektet med Osterfjordportalen er kostnadsrekna til ca kr 300 000 Det er gjeve økonomisk stønad frå :
kr 98 000 i spelemidlar frå kulturdepartementet
kr 48 000 frå BNL-prosjektet hjå landbruksavdelinga hjå fylkesmannen i Hordaland
kr 20 000 frå miljøvernavdelinga hjå fylkesmannen i Hordaland
kr 100 000 frå kommunane Vaksdal, Modalen og Osterøy i form av arbeidsinnsats frå tilsette i Osterfjord reiselivslag og kommunane.
Konsulent:
Datafirmaet DTK i Modalen ved Odin Dyrkollbotn og Rune Farestveit har utarbeidd det tekniske med portalen.
Dataløysinga på portalen er eZ-publish frå firmaet eZ-systems.
Kartløysinga er utarbeidd av DTK.
Portalen er bygd opp omkring Oserfjord Reiselivslag sitt
3-dimensjonale fiske- og opplevingskart frå juni 2000.Dette er eit planleggingskart for å gje oversikt over området. Her er lagt inn ikon for fiske, turar, stader, båt m.m. Du kan gå inn på kartet og leita etter stader du vil vita meir om.
Artiklar:
Det er laga artiklar for fiskevatn, kulturminne, tettstader osv i Osterfjord. Når du går inn i ein artikkel kan du hoppa rett inn i kartet som viser der staden ligg. Du kan søkja på ein stad og får då opp alle artiklar eller bilde som viser staden.
Foto:
Sjå bilde frå Osterfjord
Når du vel menyen foto kjem du inn i ein fotbase med fleire hundre bilde frå Osterfjord. Fotobasen er bygd opp med bilde delt inn for kvar kommune og stader i kvar kommune. Du kan søkja på ein stad eller tema og får då opp alle foto som viser staden. Ved å klikka på eit bilde får du sjå det i større format med detaljert bildetekst. Bilda du får fram er i lågkvalitet berekna på internett.
Fotobasen har også bilde i høg kvalitet liggjande. Desse kan hentast ned av portalansvarleg og kopi av desse kan bestillast til trykk eller utskrift.
Dei fleste foto er teke og lagt inn i portalen av Sveinung Klyve. Han er miljøvernrådgjevar i Vaksdal, men har også eige fotofirma som leverer bilde og artiklar i ulike samanhengar. Vidare bruk av hans bilda må avtalast med han.
Kontakt sveinung Klyve på e-post: Sjå Sveinung Klyve si heimeside
Ein del foto frå Osterøy er kjøpt bruksrett på internett frå fotograf Rune Solberg på Osterøy. Vidare bruk av bilda må avtalast med han.
Etter kvart vil også bilde frå andre fotografer vert brukt på portalen. Namn på fotograf vil stå under bilda.
Utvikling og oppdatering:
Ein internett-portal skal vera levande og aktuell. Det vil stadig komma inn nye bilde og artiklar frå Osterfjord.
Har du merknadar til portalen, ting som bør vera med eller feil som bør rettast så mottek me det med glede.