Fullmåne i solnedgang i desember. Foto:Sveinung Klyve
Me håpar på eit best mogeleg år for alle både her heime og ute i verda.
Det er vinter i Osterfjord, men ver og føre er variabelt. Innimellom er det kuldegradar og kraftige snøbyger og snøen ligg 10-20 tjukk i låglandet. Så kjem regn og mildtver og alt renn bort med is og sørpe. Slik er det mange gonger i løpet av vinteren. Oppe i fjellet er det sjølvsagt meir konstant snø,men mildveret kjem stadig opp dit og.