Found at: http://www.osterfjord.net/article/articleprint/488/-1/97/ |
Hamre Kyrkje |
Den første kyrkja har nok vore ei enkel stavkyrkje med jordgravne stolpar, antageleg stod ho innafor det området som er kor i kyrkja i dag. Alterstaden har vore den same gjennom alle tider på Hamre, og inne bak trepanelet som er alter i dag, er framleis det gamle steinalteret. På toppen ligg ei steinplate med ein relikvie - nedsenking, som viser at kyrkja har eigd minst ein relikvie i katolsk tid.
Kyrkje nummer to blei antageleg bygd omkring 1170. Dette har vore ei relativt stor stavkyrkje med kor, skip og opphøya midtrom. Vi har enkelte byggdeler og eindel inventar intakt frå denne kyrkja. Ute i våpenhuset heng det ein planke frå stavveggen med runeinskrift på. Inne i kyrkjerommet har vi ein klebersteinsfont frå om lag 1250, og vi har eit gotisk alterskap med utskorne figurar laga i Lubeck om lag 1490. Det gamle alterbiletet som stod i forkant av steinalteret er datert 1290. Originalen er på museum, men ein fin rekonstruksjon laga av Solrunn Nes heng i kyrkja. Likeeins på museum er det store krusifikset frå 1250. Vi har også dette i kopi.
Stavkyrkja stod til fram mot år 1600. Kan hende er 1585, som er skore inn i ei gamal kyrkjedør, årstalet ein tok til å byggja kyrkja som står på Hamre i dag. Dette er eit renessansebygg som ber Kristian 4. sitt merke på preikestolen. Den store altertavla har årstalet 1622, og er antageleg laga av Lambert Tidemann frå Bremen. Kyrkja blei i 1652 dekorert inne med bilete frå Bibelen og dekor i sein renessansestil. Dessverre blei mykje av dette øydelagt ved ei overmaling i 1865. Men eit stort restaureringsarbeid kring 1950 har fått kyrkja tilbakeført så godt det let seg gjera til 1600 - tals utsjånad.
Eit besøk i Hamre kyrkje er eit "must" for alle som vil setja seg inn i kyrkjehistorikk på Vestlandet. Her ligg spora frå fortida framme i dagen både når det gjeld kyrkjekunst, arkitektur og merke etter religiøse rituale gjennom tusen år.
For omvising ta kontakt med Kristoffer Foldøy, 56 19 11 63, mobil 47 61 81 24