Klikkbart oversiktskart

Hovudmeny

Kontakt oss

Kart

Kva skjer ??

Kultur

Natur

Servicetilbod

     
 

0

 

Botnavatnet med kulturveg. Foto:S.Klyve

Toppkategori Vaksdal

Tettstader



Vaksdal tettstad


Vaksdal kommune ligg sentralt til mellom Voss og Bergen.
Vårt næringsliv lagar viktige produkt som me treng i dagleglivet.

Elektrisk kraft, mat, tekstilar og klede er viktige bidrag frå oss til ned nasjonale fellesskapet. Våre reiselivstilbod er basert på natur- og kulturopplevingar frå fjord til fjell.




Vaksdal kommune - natur, jordbruk og industri hand i hand

Kvifor flytte til Vaksdal kommune ?
Vaksdal kommune sine hovudnæringar
Kart og fakta for Vaksdal kommune
e-post til Vaksdal kommune


Naturgrunnlaget i Vaksdal kommune


Vaksdal kommune har eit areal på 738 km² og er 5 største på areal i Hordaland fylke, men har berre ca 4200 innbyggjarar. Naturen i Vaksdal varierer frå høgfjell og dalar til djupe fjordlandskap. Det er isen som for 10 000 år sidan på sin veg frå høgfjellet forma ut denne flotte naturen. Ved Skipshellaren på Straume slo dei fyrste folka seg ned då isen forsvann. I Vaksdal finn du levande fosselandskap i dei mange vassdraga med Hesjedalsfossen som den mest kjende. Totalt ferskvannsareal er ca. 20 km² fordelt på 848 vatn. Over 60 av disse er større enn 50 da. Ekso og Daleelva er lakseførande. Me har dei to vakre fjelldalane og jordbruksbygdene Bergsdalen og Eksingedalen med spreidd busetnad. Dei er innfallsporten til dei kjende og flotte naturområda Stølsheimen og Bergsdalsfjella.
Kommunen har eit rikt plante og dyreliv. Vilt og fisk er kartlagt grundig sidan 1995. Me jobbar no med kartlegging av naturtypar og miljøplan for å få vårt levesett til å verta meir berekraftig i det nye årtusen. Me satsar aktivt på å læra opp borna våre i bruk av naturen og har ein kommunal villmarksleir i Bergsdalen kvar sommar.


Me har for tida ikkje eiga heimeside på internett.
Meir info om kommunen får du på Vaksdal kommune sitt kundetorg: tlf 56594400

Dalegato i fest. Foto: S.Klyve


Vedlagte filer

Kvifor flytta til Vaksdal kommune ?
kvifor flytte til vaksdal kommune
velkomen til vaksdal kommune
velkommen til vakdal framside
hovun¾ring.pdf
våre hovudnæringar
kart.pdf
kart og fakta