Kano og kajakk I sjø: Osterøy rundt er ein tur for dei sprekaste, men deler av turen passar for alle. Frå Stanghelle kan du padla nordover langs stupbratte fjell og skogkledde lier, og den som vågar kan prøva seg på fjellklatring frå sjøen. Frå Bolstad kan du padla fjorden og ut i dei tronge tidevasstraumane til Stamnes. Du kan padle inn Eidsfjorden til den mektige Hesjedalsfossen der han kastar seg i 70 m fall mot fjorden, eller ta turen gjennom Mostraumen og inn til vakre og nyrenoverte Mo sentrum i Modalen.
I ferskvatn:
Austre- og Vestrevatnet (vatn nr 36, 121) på Osterøy er eit eldorado for padling. Vatnet har flotte kanalar og sund. Hesjedalsvassdraget ved Stamnes (vatn 49-50) byr også på fin kanopadling gjennom fleire vatn og gjennom lange elveloner. Utleige av kano begge plasser.
|