VAKSDAL MØLLE
har ein bygning frå 1871 og er eit av dei få freda industribygga i vårt distrikt. Området rundt mølla, med parken, det gamle kvernhuset og funksjonærbustader er vel verdt ein spasertur.
Herfindalen er ein fin avstikkar, om du er på Vaksdal.
ENERGISENTERET
på Dale er eit nytt, moderne informasjonssenter som gjev deg ei engasjerande innføring i vasskraft og annan energiproduksjon. Energisenteret er bygd opp omkring det eksisterande kraftverkmiljøet på Dale. Her finn du kraftverkbygninga frå 1927, og det nye kraftverket frå 1990 inne i fjellet. Gjennom video- og lysbileteprogram og interaktive kunnskapsspel på TV-skjermar, får du eit fascinerande innblikk i temming av fossekraft og utnytting av andre former for energi. Formidlingsforma er valt særleg med tanke på eit ungt publikum. Energisenteret er difor eit attraktivt tilbod for familiar med barn og ungdom.
|