Militærvegen frå Småbrekke Sjå området på kartet
Ei fantastisk oppleving av kultur- og naturlandskap får du dersom du tek T-merka rute frå Småbrekke. Her ser du velstelt kulturlandskap rundt vatnet som ligg som ein juvel midt i. Det er
|
|
barn i trollskpg Moastølen:Foto:S.klyve
|
lett Ã¥ fylja den gamle militærvegen innover fjellet. Denne vart bygd i 1926-1929 Ã¥ra for at det militære skulle kunna køyra med hest og vogn over til Kvitingen i Samnanger. Vegen er ca 20 km og vart lagt fint i terrenget med muring i stein og grusing. Det var nokre stader behov for handboring og sprenging med krut. PÃ¥ Moastølen er det ein fin gamal støl frÃ¥ 1885. Her var det stølsdrift til i 1920-Ã¥ra. OmrÃ¥det er fint tilrettelagt for Ã¥ ta ein kvil. For dei smÃ¥ er dette som eit lite eventyrrike. I ”Trollskogen” like ved stølen kan du vandra mellom eller klatra i gamle krokete bjørketre som er 2-300 Ã¥r gamle. Like ved ser ein rett inn ”trollhola” Moagjelet. Dei sprekaste kan ta ein variant opp det spesielle Moagjelet og opp om toppen av Storliknausen med vidt utsyn heilt til havs. Militærvegen gÃ¥r derimot frÃ¥ Moastølen vidare innover fjellet og opp forbi Storlitjørna. T-merka ruta tek av frÃ¥ militærvegen og gÃ¥r nordover forbi dei to Gulltjørnane. Namnet ber eit sagn om eit gullbord som vart dumpa uti der i vikingetida. Froskemenn var faktisk der oppe sommaren 1999 og 2001 og leitte etter bordet – utan Ã¥ finna noko, men dei kjem att. Vidare dei siste 3-4 km gÃ¥r stien under det blankskurte Bukkafjellet med dei tre bukkane (SmÃ¥brekke-, Bergs- og Liabukken) og du er sÃ¥ nede i meir grøderikt landskap ved Høgabu. Like opp frÃ¥ hytta passerer du ei gamal fangstgrav og ledegjerde der folk for fleire tusen Ã¥r sidan fanga reinsdyr.
|