LANDSKAPSMUSEET PÃ… STRAUME
omfattar Skipshellaren, ein steinalderbuplass frå om lag år 6000 f.Kr., den spesielle dragebryggja, der ein i tidlegare tider måtte dra båtane gjennom den sterke straumen der Bolstadfjorden er på sitt smalaste, ei samling naust bygd i stavkonstruksjon og ei nyrestaurert laksegilje som syner fangstmetodar ein ikkje finn nokon annan stad. Her finn ein og eit velutstyrt skulemuseum som vart opna i 1989, og Kallestadsstova med delar av Dyviksamlinga, ei privatsamling som omfattar alt frå våpen til bunadssølv og tekstilar. Museet kan nåast både frå sjøen og vegen.
Laksegiljene langs fjorden skal takast vare på som særmerkte kulturminne frå tida då det var eit lakseparadis for dei små gardsbruka her.
|