|

| |
|
|
 |
|
 |
 |
Toppkategori
Kultur
Verd å sjå
|
|
Mo kyrkje.
|
Mo er ein gamal kyrkjestad. Det har stått 2 kyrkjer her tidlegare, på om lag same staden. Den første, ei lita stavkyrkje, vart sannsynlegvis bygd ein gong i tida 1150 - 1200, utan at ein har sikre skriftlege kjelder om det.
|
Mo kyrkje vert første gongen nemnd i Bjørgynjar Kalfskinn i 1360.( Bjørgynjar Kalfskinn er opptegnelse over kyrkja sitt jordegods. Dei skreiv på kalveskinn (kalfskinn).
I 1593 vart den andre kyrkja bygd. Det var ei lita tjørebreid trekyrkje med tårn.
Denne kyrkja er i gamle skrifter karakterisert som "den skjønne bygning".
Ho hadde sitjeplass til 130 menneske, og ho vart ståande i nesten 300 år, fram til den noverande kyrkja vart bygd, i 1883. Ho stod like attmed den noverande, og då den nye var ferdig, vart den gamle riven og materialane vart auksjonerte bort.
Nokre stokkar frå gamlekyrkja er brukte i ei løe på Nottveit.
Det er teke vare på ein del inventar frå gamlekyrkja m.a:
|
|
Mo kyrkje sett fra vest.
|
Altertavle frå 1602 med Fadervår innskrive. I dei fire hjørna er det illustrasjonar av dei fire evangelistane, Johannes, Matteus, Markus og Lukas. Altertavla var ei gåve frå sokneprest Peder Broch og kona, Kristine Davidzdatter i Hamre. Denne hendinga er skildra i boka Kyrkje og kristenliv. Altertavla skal vera den eldste i Nordhordland etter reformasjonen.
Alterkalk og disk i sølv frå 1650 åra. Dette er også gåver.
Dåpsfat i messing frå om lag 1600. Det er hamra ut frå eitt stykke.
Dåpskanne i tinn frå same tid.
Nokre gamle biblar og bøker. Dei eldste frå 1700- talet. Brochmanns Huspostile er frå 1760.
Ein messehagel frå 1860 åra.
Desse tinga står utstilt i ein glasmonter i kyrkja.
På veggen bak i kyrkja er det nokre stolvangar frå gamlekyrkja. Desse har innskrift, det er førebokstavane til dei som eigde stolestadene som er innskrive. Kvar familie hadde sine eigne benker. På ein av stolvangane er årstalet 1638 innskore.
Den noverande kyrkje vart altså bygd i 1883, og det var bygdefolket som kosta kyrkja. Kostnaden vart utlikna på innbyggjarane. Tilsaman kom ho på kr. 13.500.
Det vart også gjort ein del pliktarbeid med bryting av stein og framkjøring av tømmer.
Den store altertavla fekk dei 10 år seinare, i 1893. Den er mala av Lars Osa, og den syner Peter som heldt på å søkkja i bylgjene, men så kjem Jesus og bergar han. Altertavla er ein kopi av G.H. Richters ” Herr hilf mir.”
Kyrkjeklokka vart levert av metallstøypar Ingebrigtsen til vigsla av kyrkja. Dei to klokkene som høyrde til gamlekyrkja vart levert i byte. Gamle folk sa at dei to klokkene hadde ein mykje finare klang enn den nye.
(På biblioteket heng to store maleri av kong Fredrik den 4 og dronning Louise, gjevne til kyrkja av Karen Iversdotter frå Modalen. Det er kyrkja som eig dei, men det er ikkje plass til dei her.)
Mo kyrkje vart restaurert i 1976 -77.
Veggene vart avluta, slik at tømmeret kom fram, og det er nytta fargar etter gamal norsk fargetradisjon, bondeblått og innslag av raudt og gull.
Det vart og reist eit tilbygg til våpenhuset, med toalett.
Det vart og bygd eit frittståande bårehus, som og innheld arbeidsrom til kyrkjegardsarbeidaren.
I den seinare tid har vi fått nye benker, ny løpar i midtgangen og kyrkjetekstilar i dei liturgiske farane. ( Grønt, raudt, lilla og kvit.)
Orgelet er av nyare dato, frå 1981.
Mo sokn høyrer til Osterfjorden prestegjeld, og her er gudsteneste i kyrkja om lag kvar tredje søndag.
Mo kyrkje er open for besøkjande i juli måned, kvar dag kl 13.00-15.00.
|
  |
|
|