Klikkbart oversiktskart

Hovudmeny

Kontakt oss

Kart

Kulturminne

Verd å sjå

     
 

0

 


Toppkategori Kultur Verd å sjå

Kultur
Endeleg er den fyrste laksen fanga i kilenota på Straume. Det var ein vill holaks på 10 kg og 100 cm lang.



Eirik Normann kunne etter 14 dagar med kilenot på Straume i Bolstadfjorden endeleg hala i land den fyrste laksen. Fisken var på ca 10 kg - og 100 cm lang det var ein sølvblank og feit fin hofisk. Fisken hadde 20 lakselus på seg, noko som er er normalt. Fisken var feittfinneklipt, noko som viser at han er produsert som smolt frå Voss klekkeri - altså såkalla kultivert fisk. Han er ikkje snutemerka og det viser at han har vandra på eiga hand ut or elva og gjenom fjordane til havs. Fisken vert teke vare på til bruk i kultiveringa.
Fiskefangsten var til glede for 27 elevar ved 4. klasse på Vangen skule frå Voss som var på i Skipshelleren denne dagen og som var ved Dragebryggja på Straume nett då fisken vart fanga.

Fisket til Eirik Normann er forskingsfiske for å telja villfisk som går forbi og å fjerna oppdrettsfisk.

Han kjem også i løpet av eit par veker i gang med sitjenotfiske på Skolmen i tillegg til kilenota på Straume, som alt har vore i gang i 14 dagar.




Kommentarliste


Det finnes ingen kommentarer