Klikkbart oversiktskart

Hovudmeny

Kontakt oss

Kart

Kva skjer

Natur

Kultur

Servicetilbod

     
 

0

 


Toppkategori Modalen Kultur

Å reise med dei gamle fjordbåtane var noko meir enn å forflytta seg frå ein stad til ein anna.

For mange modalingar var det ei stor oppleving. Det var spent forventning når "Bruvik" stemna inn Byfjorden. Passasjerane, ofte i finklede for Byturen, stod langs rekkja og såg lysa frå byen i tidleg morgontimar.
Dei saug inn bylydar og byluktar på turen inn Vågen før dei gjekk i land på Bryggen. Om ettermiddagen bar det heim att gjennom fjorden med slitne modalingar. Dei hadde sprunge heile dagen, frå den eine klesbutikken til den andre, til skobutikk og frisør. På båten stod plastposene frå dei store varehusa i Strandgaten i rekkjer på sete og golv. Turen heim vart ofte lang, men ikkje kjedeleg. Det var på eit vis eit lite samfunn som stemde inn Osterfjorden. Det var kaffi og mat, og prat med kjenningar. Og så var det så store og fine vindaugo på "Bruvik". Du kunne sitje og fylgja livet på dei mange stoggestadane og sjå på landskapet som endra seg innetter fjorden. frå dei mjuke åsane i nordhordland til fjella byrjar reisa seg ein stad nord for Tyssebotn og Molvikgrend. Vidare gjennom sunda til Viknes, over Romarheimsfjorden og gjennom Mostraumen. Berre frå sjøsida ser ein kor vakkert det er i Bygdene langs Osterfjorden.
Ved Moneset er det på tide å samle saman plastposer og vesker. Så er det å koma seg på land, koma heim. Modalingane har vore på tur og kan fortelja korleis alt er "i bydn" no for tida.