Klikkbart oversiktskart

Hovudmeny

Kontakt oss

Kart

Kva skjer

Natur

Kultur

Servicetilbod

     
 

0

 


Toppkategori Modalen Kultur

Kultur
Folka i Modalen snakkar ofte om bygda si.

Om elva, fjella, fjorden, bøane, om dyra på båsen, hjorten i skogen og om vinteren som ikkje slepper taket. Dei er nært knytt til naturen og alt dei ser rundt seg og lever med kvar dag.
Så snakkar dei litt om kvarandre, og litt om stort og smått som skjer utanfor Mo-neset. Dei er opptekne av vegar, ikkje berre fordi dei liker køyra opp og ned dalen eller ta turar til byen. I Modalen har samtalar om vegar alltid blitt sett i samanheng med om bygda kan overleva eller ikkje. Båtane, ferjene og tunnelane ha vore livsnervar og pustehol for modalingane. For bygda har alltid lege der gøymd mellom dei stupbratte fjell. Alle reiser er ein omveg heim, seier dei. Mange utflytta modalingar har opplevd dette når dei har vore borte frå dalen lenge, og deretter kome heim. Til den vakre dalen der alle kjenner alle. Når no vegen til Romarheim i Lindås er ferdig, er ikkje Modalen ein blindtarm i vegsystemet lenger. Folket har betalt til storsamfunnet og har til vederlag fått ein ny sjanse til å veksa og utvikla seg.