Om vinteren køyrde folk med slede på elveisen. I 1875 er søknad om køyreveg gjennom Modalen til vurdering i Hosanger kommunestyre. For å få fart på sakene vart det innført pliktarbeid på vegen. Alle oppsitjarar frå Mo til og med Nygard og Steinsland skulle yta 20 dagar pliktarbeid på vegen kvart år. Slik byrja dei arbeidet med vegen gjennom dalen frå to endar, Mo og Straume.
I året 1900 møttest arbeidslaga på nedanfor Farestveit. vegmøtet i det første året i det nye århundret vart feira med lutafisk og rømmegraut. Det skulle gå enno 30 år før dei første bilane kom til dalen. Utkantgardane Nygard og Steinsland hadde ikkje veg. Det gjekk seint med pliktarbeidet og lite pengar. I 1935 vart Nygardsvegen opna. Til Steinsland rodde dei vatnet om sommaren og køyrde slede på isen om vinteren. Først i 1965 vart Steinslandvegen opna.
|