50. Vikavatnet
Vatnet ligg idyllisk til i Hesjedalsvassdraget. Flott for kanopadling og det er lett å få fisk. Flott turterreng.
Område: Stamnes i Vaksdal kommune
Kartkoordinat (utm): 245 315
Kartblad M 711 (målestokk 1:50 000): 1216-3, Stanghelle
Høgde over havet: 100 m
Fiskebestand: aure , tett
Snittvekt frå prøvefiske: ca 100 g
kondisjons-faktor: 0,98
Prøvefiska år : 1995
Fiskerapport samandrag:
Vatnet er fiskerikt og treng aktivt fiske med garn. Det er svært gode gyteplassar i vatnet.
Korleis kjem du til vatnet:
Du tek av like før Stamnes skule og køyrer ca 4 km merka mot Hesjedalen.
Fiskekort/utleige:
Stamnes grunneigarlag sel fiskekort for sitt område.
Utleige av kano, fiskekort, teltcamp. Øyane fiske og friluftsliv Stamnes, tlf 56598071, mob. 94551286, 94502625
Fiskekort - Eidsland Jakob Møster, tlf 56595648
Områdeskildring:
Hesjedalsvassdraget- Øyadalen- Straumsdalen.- Storevarden.
Vassdraget (Midtvatnet(49), Vikavatnet(50) er svært fiskerikt og flott å padla. Flott utsikt frampå Hesjedalsfossen. Merka sti , 1 t. Frå Øyane 30 min. til fiskerike Træsvatnet( 52). 1 t vidare til Gavvatnet(53). Kort veg til Illebruvatnet(55) eller Stølsvatnet(54). Flott topptur til Storevarden ca 1,5 t. Straumsdalen flat fin dal med fine stølar. Djupavatnet(51) fiskerikt vatn og elv.
Kraftregulering:
BKK har planar med ulike alternativ for å byggja ut Hesjedalsvassdraget. Dette vil få drastiske og negativ effekt for nokre av vatna og elvane i vassdraget. Den kjende Hesjedalsfossen med sitt ca 70 m høge fall vil verta kraftig redusert/tørrlagd. Eit aktivt Vernelag for Hesjedalsvassdraget har sidan 1996 jobba for å verna vassdraget. Vassdraget ligg no inne som foreslått verna vassdrag mot vasskraftutbygging i den nye verneplanen på høyring i 2003.
Hytte:
Ved Træsvatnet (52) har folk folk frå lokalmiljøet bygd ei eiga hytte som ca 10 personar kan overnatta i. Denne er ferdig hausten-2003. For overnatting ta kontakt med Stamnes skule tlf : 56598056.
|