Klikkbart oversiktskart

Hovudmeny

Kontakt oss

Kart

Kulturminne

Verd å sjå

     
 

0

 


Toppkategori Kultur Kulturminne

Skipshelleren
Ein av dei mest kjende steinalderbuplassane i landet.
Under helleren er sanden svart, nesten som oske. Her kor det aldri regnar eller veks planter, budde det steinaldermenneske for over 7000 år sidan. Her var det god tilgang på vilt, fersk- og saltvassfisk. Golvet i helleren vart brukt som avfallsdunge. Ved å grave seg nedover, har ein kunna stadfesta korleis livet var for steinaldermenneska i dei ulike tidsepokane.
Under hellaren

Straume
Sjå meir om historien til Skipshelleren på eiga nettside

Guidinga i Skipehelleren på Straume er no i full gang. Kvar veke går det no slag i slag med tilsaman 13 skular fram til ca 20. juni.

Dette prosjektet er vorte ein suksess og skular frå heile Hordaland kjem år etter år på besøk for å få oppleva den kjende steinalderbustaden i Vaksdal.

Lonevåg skule frå Osterøy opna sesongen I skipshelleren den 19. mai. 2008. Dei kom med 30 elevar frå 4. klasse og 3 lærarar.
Dette var ein angasjert gjeng som var stornøgde med utbyttet denne dagen.

Guidane er også denne sesongen: Lærar Anita Vik og miljøvernrådgjevar Sveinung Klyve

Sjå meir info på: http://www.skipshelleren.no


Arkeologar.


Gravekasse


Skyting med pil og boge


Segna om Gulløyne


Steinalderteikningar. Foto: S.Klyve


På veg heim frå hellaren