Sjå 3-dimensjonalt kart
Namn på vatnet: 29. Småbrekkevatnet
|
|
Garnfiske småbrekke. Foto:S.Klyve
|
Område: Bergsdalen i Vaksdal kommune
Kartkoordinat (utm): 373 155
Kartblad M 711 (målestokk 1:50 000): Evanger 1216-2
Høgde over havet: 524
Fiskebestand: aure, tett
Snittvekt frå prøvefiske: ca 100 gram
kondisjons-faktor: 0,98
Prøvefiska år : 1995
Kultivering: Vatnet har for høg bestand av fisk og det vert årleg fiska ut både med garn og not.
Snittvekta er på veg litt opp.
Fiskerapport samandrag:
Korleis kjem du til vatnet:
Parkering ved hovudveg på Småbrekke. Fylg grusveg/traktorveg ca 300 m inn til liten flor. Her ligg Vaksdal kommune sin villmarksleir med tilrettelagt område. Her kan ein avtale overnatting og bruk av området. Ta kontakta med grunneigar Per Småbrekke tlf 56 59 98 68.
Gangtid: 5 minutt frå veg.
|
|
Slått på Småbrekke, Bergsdalen. Foto:S.Klyve
|
Områdeskildring: Vatnet ligg idyllisk til ved Småbrekke i Bergsdalsvassdraget. Her ligg den velstelte garden Småbrekke oppe ved vegen og vatnet lgg som ein juvel midt i med høge fjell omkring.
Flott å slå opp telt.
Sal av fiskekort:
Bergsdalen jorbrukslag driv svært aktivt med fiskekultivering som utsetjing av fisk, not og rusefiske, kalking og prøvefiske. I Bergsdalen gjeld eit fiskekort for heile området
Dag Brekke (Bergsdalen) Tlf. 56 59 89 30, mobil: 97634681
Johannes O. Berge (Bergsdalen) Tlf. 56 59 89 37
Per Småbrekke (Bergsdalen) Tlf. 56 59 98 68
Kjetil Rødland (Bergsdalen) Tlf. 56 59 98 65
Pris fiskekort: kr 30 1-dg, kr 60 3-dg, sesong kr 150, (prisar pr 1.1.03 kan verta endara)
Sal av garnkort inkludert båt og garn i dette vatnet pris kr 350 pr sesong. kr 120 pr helg og 60 pr døger.
|