Klikkbart oversiktskart

Hovudmeny

Kontakt oss

Kart

Aktivitetar

Kultur

Overnatting

Servering

Brosjyrer

Modalen

Osterøy

Vaksdal

Osterfjord Reiselivslag

Foto

     
English   German

0

 


Toppkategori Vaksdal Natur Villmarksleir

Fiskevatn i Bergsdalen

klatring,villmarksleir. Foto:Sveinung Klyve
Korleis skal barna læra friluftsliv og fiske på 4 dagar. Det var utfordringa i Vaksdal kommune sommaren 1996 for fyrste gong arrangerte villmarksleir for barn. Leiren har vorte ein suksess og vert 1-4 juli 2003 arrangert for 8. gong. Me er denne gongen 28 born og 6 leiarar. Fleire hundre barn har opplevd fjellet med teltliv, fiske, fjellklatring, padling, hesteriding, og gardsbesøk.

VILLMARKSLEIR FOR BARN PÃ… SMÃ…BREKKE

Sjå 3-dimensjonalt opplevings-kart frå Småbrekke

villmarksleir småbrekke. Foto:S.klyve


Interessa for fiske har dei seinare år dabba av. Vårt teknologiske og moderne

samfunn gjer at behovet for fiske til matauk ikkje lenger er tilstades. Å kunna overleva ute i naturen, er ikkje det vesentlege meir. I dag dreg familiar på bilferie lange vegar i inn og utland for å få opplevingar. For nokre tiår sidan, tok familien seg ferie i fjellet i sitt heimeområde. Friluftsliv og fiske var då ofte naturlege gjeremål.
Korleis skal barna læra friluftsliv og fiske når foreldra ikkje kan det ? Det var utfordringa vår i Vaksdal kommune når miljøvernkontoret og fritidsleiar sidan 1996 kvar sommar harr arrangerte villmarksleir for barn i alderen 10-12 år.

Slåtten på Småbrekke. Foto:S.Klyve


Både barn og foreldre er alltid spente på korleis det skal gå å vera borte heimanfrå kanskje for fyrste gongen. Mange av barna hadde ikkje overnatta ute i telt før. Det å laga leir med lavu, telt, kjøkkentelt, bålplass og do var noko heilt nytt og uvant i høve til vårt moderne daglegliv. Leirstaden var ved Småbrekkevatnet, eit fiskerikt vatn i Bergsdalsvassdraget.

lappesteiking på villmarksleir. Foto:S.Klyve


Barna skulle læra seg nye ting innan friluftsliv i løpet av innhaldsrike dagar med aktivitetar som bading, fjellklatring, kanopadling, båtbruk, fjelltur, kart og kompass, gardsbesøk, hesteriding m.m. Fiske var eit viktig tema med utsetjing av garn, fiske med not, oter og stong. Dei fleste barna hadde med stong, men noko å hengja i enden var det ofte mangel på. Ytterpunkta var barn som ikkje hadde fiskeutstyr og garva barn som var erfarne fiskarar på 12 år. Det er ikkje like lett å tre på makken på kroken eller fluga eller spinnaren eller få opp vasen på taumen.

Mange erfaringar og nye knep vart lært og problem løyst i fellesskap barna seg i mellom med gode hint frå oss vaksne. Mange gledeshyl var å høyra når ivrige krabater fekk sin fyrste fisk på land på eigahand, sjølv om fisken var i sardinklassen. Det var difor med garn at middagen vart sikra. Om morgonen var spenninga stor når garna vart trekt. Om lag 100 fisk vart teke på 2 garn-netter. Utfordringa var så å gjera opp fisken og bruka han til mat. Fersk fisk var steikt i folie på bålet saman med bakt potet og pinnebrød. Ein del av fisken vart salta, tørka og røykt i sjølvbygd røykeomn. Ein del barn meinte at dei ikkje likte fisk, men det såg ut til å smaka heilt topp for dei fleste når det vart servert i rett naturelement med bålvarme og stemning. Det vart også kasta med not, og 200 fisk var teke levande og oppbevart i ei nettingkasse i vatnet. Snittvekta på fisken var ca 150 g.

Opplegget vart utført i nært samarbeid med grunneigar og jordbrukslaget i dalen. Alle var svært nøgde og særleg barna og foreldra som hadde opplegg for ungane fyrste ferieveka etter skulen. Responsen var så god at dette vert eit årleg opplegg. Dette er verkeleg ein bra måte å gje folk lærdom i friluftsliv på.
Ein viktig del av ein kommune sitt arbeid er å læra barna til rett holdning og handling i sitt nærmiljø. Dette kan ein best gjera med å leggja tilhøva tilrette for at barna får oppleva og utforska naturen.