Austrevatn stort vatn med flotte viker og kanalar å padla i. Område: Ligg på Osterøy i Vaksdal/Osterøy kommune
Kartkoordinat (utm): 128 202
Kartblad M 711 (målestokk 1:50 000): 1116 1-2
Høgde over havet: 154
Fiskebestand: tett bestand av aure
Snittvekt frå prøvefiske: 104 gram
kondisjons-faktor: ca 1,0
Prøvefiska år : 1996
Fiskerapport samandrag: Det er tett bestand av aure som gjev småfallen fisk. Det er mykje parasittar i fisken som periodevis er lite eigna som matfisk.
Kultivering: Utfisking med garn for å redusera bestanden
Korleis kjem du til vatnet:
Via Bruvikdalen til Vestrevatnet. Her må du bæra kanoen ca 200 m på skogsveg.
Du kan også køyra til Vestrevatnet og leggja kano på vatnet ved Herlandsnesjane.
Områdeskildring:
Austre/Vestravatnet(36) - Botnavatnet(39)
Storavatnet(36) er spesielt eigna for kanopadling. Innsjøen er ein av dei største i regionen. Fint for dags- eller helgetur med telt. Storavatnet(36) er fiskerikt, det samme gjelder vassdraget inn til Botnavatnet(39,38,37)
Austre/Vestravatnet, også kalla Storavatnet, er det største vatnet på Osterøy. Det er kraftregulert. Austrevatnet ligg i Vaksdal og Vestrevatnet i Osterøy kommune. Det er flotte kanalar, viker og holmar å padla melllom med kano. Herlandsnesjane naturreservat ligg som eit freda område i Vestrevatnet.
Det er fin furuskog langs vatnet. Terrenget er flatare mot vest, men stig oppi høgare toppar på austsida.
Sal av fiskekort: nei, avtal fiske med grunneigar.
|