61. Tuftavatnet
Sjå fiskerapport frå Tuftavatnet
Område: Fjellvatn i Eksingedalen i Vaksdal kommune
Kartkoordinat (utm): 345 403
Kartblad M 711 (målestokk 1:50 000): 1216 -1
Høgde over havet: 775
Areal vatn: 18 ha, 0,18 km2
Djup: maks 33 m , snitt ca 11 m
Fiskebestand: middels bestand av aure
Vassutskifting: 4,5 gonger pr år
Snittvekt: ca 200 gram
kondisjons-faktor: ca 1,05
Prøvefiske år : 1995, 1998, 2001
Svært fint vatn for flugefiske fordi det ikkje er skog ved vatnet. Ved meir info snakk med Bjarne Lavik tlf 56595836
Vatnet har frå gamalt av vore eit av dei beste fiskevatna i Eksingedalen med fisk oppi 2-3 kilo avbilda på Stølsveggen ved vatnet. Forsuring førte til at rekrutteringa forvann og det var få fisakr att. Vatnet vart prøvefiska fyrste gong i 1995 av Tore Wiers. Han fekk då kun 2 stk aure på 1 kilo kvar. Fisken var full av rogn. Alt hausten 1996 vart det kalka med 4,5 tonn med kalkgrus i bekkane og 29 tonn med kalkmjøl i vatnet. Det vart også sett ut 400 yngel av aure med helikopter samme hausten. Ved el-fiske i bekkane hausten-97 vart det funne fleire hundre nyklekt yngel (0+) i innløpsbekkane. Hausten-95 var der ingen. Kalkinga hadde gjeve svært rask effekt og rogn og yngel overlevde i gytebekkane.
Det er no liv att i vatnet med masse fiskevak og lett å få fisk.
Korleis kjem du til vatnet:
Frå Flatekval. Dette er kortaste vegen som tek ca 1,5 time. Du fylgjer skogsveg ca 500 m innover sørdalen og tek av på skogsveg mot aust. Du fylgjer Botnaelva inn i Botnane og går opp på venstre side av fosse. med fossefall ned. Dårleg merking og vanskeleg å finna sti.
Frå Lavik: Dette er stølsvegen som tek ca 3 timar. Umerka sti som tek opp Storlii og inn forbi Grønebakkane og Langetjørna til Tuftavatnet.
Eksingedalen er delt i to grunneigarlag (fiskekortsoner), skiljet ligger ved Fosse . Grunneigarlaga tilbyr fiske i hele dalen. Over den lakseførende delen Ekso av vassdraget (58) er elva svært fiskerik. Det finst mange kulper og loner som er gode fiskeplasser. Elva er kraftregulert og har vanlegvis lita vassføring.
Salg av fiskekort og info:
Butikken på Lavik Tlf. 56 59 58 20
Ã…ge Lavik Tlf. 56 59 58 11
HÃ¥kon Tyssen Tlf. 56 59 58 41
Bygdakunsten Tlf. 56 59 58 51
|