62. Saudalsvatnet
Område: Fjellvatn i Eksingedalen i Vaksdal kommune
Kartkoordinat (utm): 310 374
Kartblad M 711 (målestokk 1:50 000): 1216 -1
Høgde over havet: 907 m
Fiskebestand: middels tett bestand av aure
Snittvekt: ca 150 gram
kondisjons-faktor: ca 1,05
Prøvefiske år : 1997
Vatnet vart prøvefiska fyrste gong i 1997 av Tore Wiers. Det var då fisketomt. Alt hausten 1996 vart det kalka med 4,5 tonn med kalkgrus i bekkane og 29 tonn med kalkmjøl i vatnet. Det vart også sett ut 400 yngel av aure med helikopter samme hausten. Det er ikkje gytebekkar i vatnet.
Det er no liv att i vatnet med masse fiskevak og lett å få fisk på ca 200 gram.
Grunnen til kalkinga er at vatnet renn ned i Leirovatnet som også vert kalka og Mysterelva (viktig sideelv til Ekso) der det gyter laks og sjøaure. Dette gjev altså effekt 3 gonger i ulike vass-system.
Korleis kjem du til vatnet:
Frå Flatekval. Dette er kortaste vegen som tek ca 3 timar. Du fylgjer skogsveg innover Sørdalen forbi Nesstølen.
Her er også fint å gå over til Øvstedalen i Voss eller Hesjedalsvassdraget i Vaksdal.
Eksingedalen er delt i to grunneigarlag (fiskekortsoner), skiljet ligger ved Fosse . Grunneigarlaga tilbyr fiske i hele dalen. Over den lakseførende delen Ekso av vassdraget (58) er elva svært fiskerik. Det finst mange kulper og loner som er gode fiskeplasser. Elva er kraftregulert og har vanlegvis lita vassføring.
Salg av fiskekort og info:
Butikken på Lavik Tlf. 56 59 58 20
Ã…ge Lavik Tlf. 56 59 58 11
HÃ¥kon Tyssen Tlf. 56 59 58 41
Bygdakunsten Tlf. 56 59 58 51
|