78. Vesle Askjelldalvatn
Område: Fjellvatn i Eksingedalen i Vaksdal kommune
Kartkoordinat (utm): 491 540
Kartblad M 711 (målestokk 1:50 000): 1316-4
Høgde over havet: 820 m
Fiskebestand: middels bestand av aure
Snittvekt: ca 300 gram
kondisjons-faktor: ca 1,05
Prøvefiske år : 1999
Svært fint vatn for flugefiske fordi det ikkje er skog ved vatnet.
Områdeskildring: Vatnet ligg mellom Raudbergvatnet og Askjelldalsvatnet. Det er kraftregulert og elva frå Raudbergvatgnet er overført med tunnel til Askjelldalsvatnet.
Vatnet er grunt ca 7 m og smalt og eigna til sportsfiske frå land. Det er gode gyteforhold i vatnet som har fin bestand av aure.
Korleis kjem du til vatnet:
Med bil: Du køyrer til Trefall i Eksingedalen og tek av på gruslagt og fin anleggsveg ca 20 km innerst i Askjelldalvatn. Herifrå går du på nordsida av av vatnet og fylgjer elva opp til Vesle Askjelldalsvatn. Ca 1 time å gå.
Til fots: Du fylgjer t-merka turløype frå Ekse mot Selhammarhytta. Ca 3 timar å gå.
Eksingedalen er delt i to grunneigarlag (fiskekortsoner), skiljet ligger ved Fosse . Grunneigarlaga tilbyr fiske i hele dalen. Over den lakseførende delen Ekso av vassdraget (58) er elva svært fiskerik. Det finst mange kulper og loner som er gode fiskeplasser. Elva er kraftregulert og har vanlegvis lita vassføring.
Salg av fiskekort og info:
Butikken på Lavik Tlf. 56 59 58 20
Ã…ge Lavik Tlf. 56 59 58 11
HÃ¥kon Tyssen Tlf. 56 59 58 41
Bygdakunsten Tlf. 56 59 58 51
|