Klikkbart oversiktskart

Hovudmeny

Kontakt oss

Kart

Aktivitetar

Kultur

Overnatting

Servering

Brosjyrer

Modalen

Osterøy

Vaksdal

Osterfjord Reiselivslag

Foto

     
English   German

0

 


Toppkategori Aktivitetar Fiske Fiskevatn Vaksdal Eksingedalen

Fiskevatn i Eksingedalen

77. Askjelldalsvatn


Område: Fjellvatn i Eksingedalen i Vaksdal kommune
Kartkoordinat (utm): 469 522
Kartblad M 711 (målestokk 1:50 000): 1316-4
Høgde over havet: 800 m
Fiskebestand: middels bestand av aure og røye
Snittvekt: ca 350 gram røye og ca 200 gram aure
kondisjons-faktor: ca 1,05
Prøvefiske år : 1999
DEtt er 1 av 2 vatn med røye i Vaksdal.
Røye har vandra frå Skjerjevatnet til Askjelldalavatn via elva. Røya har ikkje spreidd seg lenger nedover i vassdraget fordi det er sjeldan overløp på Askjelldalsvatn.

Områdeskildring: Vatnet ligg inne i Stølsheimen. Det var kraftregulert i ca 1972 og er demt opp med 55 m (750-805 m). Skjerjevatnet har avløp med elva Skjerjo ned til vatnet men er også regulert og har styrt tapping.
Raudbergvatnet er kraftregulert og er overført med tunnel til Askjelldalsvatnet. Vatnet går vidare til Evanger kraftverk som er eigd av BKK.

Korleis kjem du til vatnet:
Med bil: Du køyrer til Trefall i Eksingedalen og tek av på gruslagt og fin anleggsveg ca 20 km innerst i Askjelldalvatn.

Eksingedalen er delt i to grunneigarlag (fiskekortsoner), skiljet ligger ved Fosse . Grunneigarlaga tilbyr fiske i hele dalen. Over den lakseførende delen Ekso av vassdraget (58) er elva svært fiskerik. Det finst mange kulper og loner som er gode fiskeplasser. Elva er kraftregulert og har vanlegvis lita vassføring.

Salg av fiskekort og info:
Butikken på Lavik Tlf. 56 59 58 20
Ã…ge Lavik Tlf. 56 59 58 11
HÃ¥kon Tyssen Tlf. 56 59 58 41
Bygdakunsten Tlf. 56 59 58 51