Blåfjellskupo - liten idyll med fin fisk
Område: Vaksdalfjella i Vaksdal kommune
Kartkoordinat (utm): 246 165
Kartblad M 711 (målestokk 1:50 000): Stanghelle 1216-3
Høgde over havet: ca 600 m
Fiskebestand: aure , middels bestand
Snittvekt : ca 200 g
Korleis kjem du til vatnet:
Ca 3 timars gangtid frå Helle som ligg ca 3 km nord for tettstaden Stanghelle. Fylg skogsveg på austsida av europavegen. Denne går etter ca 1,5 km over i god sti opp til Hellestølen. Du går vidare innover forbi Vatnastølen og Holmavatnet og kjem til Gråsidevatnet. Dette må du rundt på nordsida og fylgjer så elva opp til Blåfjellskupo som er eit lite idyllisk fjellvatn.
Områdeskildring:
Vatnet renn ned i Gråsidevatnet og vidare ned i Gråsidevatnet som er kraftregulert av BKK og det renn ned i Fossdalsvassdraget og ned i eigen kraftstasjon ved sjøen på Fossmark. Flott fjellområde med mange fine fiskevatn.
Sal av fiskekort: Gratis fiske
Dale/Vaksdal grunneigarlag tilbyr fritt fiske med stong i alle sine vatn og vassdrag. Området er rikt på vatn og elver og fiskekvaliteten i vatna varierer fra tette fiskebestandar til vann med riktig fin aure av god kvalitet. Grunneigarlaget i samarbeid med Vaksdal fiskarlag driv kultivering i form av utsetting av fisk i vatn i fjellområda.
Kontaktperson : John Fossmark: tlf 56597549.
|