Klikkbart oversiktskart

Hovudmeny

Kontakt oss

Kart

Aktivitetar

Kultur

Overnatting

Servering

Brosjyrer

Modalen

Osterøy

Vaksdal

Osterfjord Reiselivslag

Foto

     
English   German

0

 


Toppkategori Vaksdal Natur Villmarksleir

Fiskevatn i Bergsdalen
Villmarksleiren på Småbrekke kan leigast av grupper

INFO OM VILLMARKSLEIREN PÃ… SMÃ…BREKKE

Sjå 3-dimensjonalt opplevings-kart frå Småbrekke

AVTALE OM BRUK AV OMRÃ…DET PÃ… SMÃ…BREKKE

(Nemnde prisar gjeld ikkje for barnehagar og skular i Vaksdal kommune som kan bruka leiren gratis)
Bruk av området må vera avtalt med grunneigar Per Småbrekke og Vaksdal kommune ved miljøvernrådgjevar Sveinung Klyve, tlf 56594451, mobil 95987501
e-email:sveinung.klyve@vaksdal.kommune.no. Per småbrekke bur på gården på Småbrekke tlf 56598968

Leige for bruk av stor lavvu (plass til 15 personar)
Det skal ikkje fyrast med bål inne i denne lavuen .
Pris pr person pr natt: kr 60
Maks pris pr familie pr natt (foreldra + born) : kr 150
Større grupper etter avtale

Leige for bruk av kanoar: kr 100 pr kano pr dag. Gjeld for dei som ikkje har betalt for overnatting.
Årer står i vårfloren. Ver varsam med bruk av kanoar. Ikkje stig om bord i dei på land for då vert det hol i dei. Set dei på vatnet ved steinbryggja.

BÃ¥lbrenning og bruk av ved:
Bruk eksisterande bålgruve. Ta ikkje sprakje eller busker nede frå sjølve leirområdet. Desse skal stå som ly mot ver og vind
Kjøp av ved vert avtalt med Per Småbrekke

Fiske: Fiskekort vert kjøpt hjå bonde Per Småbrekke
Born under 16 år gratis fiske med stong
Einskildkort med stong pr døger kr 30, pr helg kr 60 og sesong kr 150
Garnkort inkludert stongfiske, lån av garn og båt: kr 60 pr døger, 120 pr helg og kr 350 pr sesong. Fiskeslog skal ikkje kastast ut att i vatnet for å hindra spreiing av parasittar. Vert gravd ned i gjødselhaug bak vårfloren. Spade står i floren.
Fiskekart for Osterfjord kr 60 vert seld av Per Småbrekke.

Toalett: Dette er eit lite hus i kryssfiner som ligg 30 m bak vårfloren. Dette er låst og vert opna etter avtale. Dobøtta skal tømmast når de forlet området. Tømmeplasen er 20 m frå dohuset i eit hol i myra under nokre treflekar. Legg flis i dobøtta før bruk. Flis ligg i dohuset eller i vårfloren.

Bruk av bil: Parkering i sandtaket. Avgift kr 20 pr bil. Køyring bort til leiren for einskildbilar med større mengder med utstyr vert avtalt med Per Småbrekke. Brua ved leiren er smal og må ha støtte under før ein kan køyra over. Køyring på eige ansvar.

Dersom ikkje toalettet er tømt eller området skikkeleg rydda, må me leiga folk til å gjera det. Me tek då eit gebyr på kr 300 for dette.
Reparasjon av skade på lavvu og kano kjem i tillegg. Dette vert avtalt i kvart tilfelle.

Pengane for bruk av området vert betalt inn på bankkonto nr: 3500 07 00418, merkast villm.leir småbrekke konto: 4740