Fiskekultivering Frå tidleg på 90-talet vart innsjøer og vassdrag i regionen kalka på grunn av forsuring frå
|
|
el-fiske i Eksingedalselva. foto:S.Klyve
|
nedbøren. Omfattande innhenting av vassprøvar vart gjort og det vart utarbeidd kalkingsplanar for kommunane.
Dei siste åra er fiskebestanden i meir enn 150 innsjøer kartlagt og rapportert.
Prøvefisket vart utført med bruk av botn og flytegarn som er tilpassa arealet på innsjøen. Under fisket vert det teke standard prøve av fisken med lengde, vekt, kjønn, gytestadium, kjøttfarge, magefylling og parasitter. Samstundes vert det teke skjell og øyresteiner av fisken for å finna alder. Med elektrisk fiskeapperat kan ein
undersøkja ungfisk og gyteforhold i strandsone og bekk. Det vert teke vassprøve av vatn og
|
|
yngel frå el-fiske.Foto:S.Klyve
|
elvar og planktonprøve. Alle desse tinga fortel om tilhøva i vatnet for fisken og viser kva tiltak som må gjerast for å få meir eller finare fisk. Ein del av vatna, (ca 20 stk) har så store bestandar av fisk at ein kan setja i gang med organisert garnfiske. Dette kan gje kjærkomme inntekt for grunneigarar og ny næring til bygdene.
Kalkinga er dekka inn med statsmidlar og fisket er utført etter opplegg og økonomisk stønad frå miljøvernavdelinga hjå fylkesmannen i Hordaland.
|