|

| |
|
|
 |
|
 |
 |
Toppkategori
Vaksdal
Natur
Hesjedalsvassdraget
Natur
5.10. 2003 hadde Voss Utferdslag høsttur langs Hesjedalsvassdraget frå fjord til fjell. Det var varierande ver med sol, skodde og regn, masse vatn i elvar og vatn og flotte haustfargar.
|
|
Gavvatnet Hesjedalsvassdraget. Foto:Sveinung Klyve
|
|
12 personar frå Voss var med på turen. Dei tok buss til Straume. Herifrå gjekk dei opp skogsvegen til Straumsdalen langs Djupavatnet til Øyane og opp til "Bygdahytta "ved Træsvatnet.
|
|
hytta ved Træsvatnet
|
Denne hytta er laga på dugnad av bygdefolket på Stamnes. Herifrå går vegen til fjells til Hesjedalsstølen kjend for sine mange historiar om bjørn.
|
|
Anita Vik - fjellrype på rypejakt. Foto:Sveinung Klyve
|
Anita Vik møtte dei der oppe og las dikt og fortalde om natur og kultur i området og vassdraget.
|
|
Hesjedalsstølen okt-03. Foto:Sveinung Klyve
|
Fyljet gjekk langs Stølsvatnet og ned til Gavvatnet.
|
|
Gavvatnet Hesjedalsvassdraget. Foto:Sveinung Klyve
|
Skodda var tett og gav stemning men ikkje storslått utsikt mot dei bratte fjella i området. Frå Gavassosen fylgde dei Øyadalen ned att i bygda.
Dette vart ei oppleving der kultur og natur gjekk hand i hand i eit fantastisk landskap med rennande vatn, bratte fjell, stølar, gardar og segn og historiar om gamal og ny tid.
Hesjedalsvassdraget er det siste større vassdraget i Vaksdal kommune som ikkje er kraftregulert. Dette er ei naturperle som ligg inn til grensa mot Voss.
|
  |
|
|