Klikkbart oversiktskart

Hovudmeny

Kontakt oss

Kart

Aktivitetar

Kultur

Overnatting

Servering

Brosjyrer

Modalen

Osterøy

Vaksdal

Osterfjord Reiselivslag

Foto

     
English   German

0

 


Toppkategori Aktivitetar Fiske Fiskevatn Vaksdal Bergsdalen

Fiske


Storlitjørna i Bergsdalsfjella. Foto:S.Klyve
Storlitjørna er eit fint vatn med fin fisk langs militærvegen i Bergsdalsfjella

25. Storlitjørna

Flott vatn med fin fisk i Bergsdalsfjella

Sjå kart

Namn på vatnet: 25. Storlitjørna

Storlitjørna i Bergsdalsfjella. Foto:S.Klyve

Område: Bergsdalsfjella i Vaksdal kommune
Kartkoordinat (utm): 348 125
Kartblad M 711 (målestokk 1:50 000): Evanger 1216-2
Høgde over havet: 825 m


Fiskebestand: aure
Snittvekt frå prøvefiske: ca 313 gram
kondisjons-faktor: 0.93
Prøvefiska år : 2000
Kultivering: Utsetjing av fiskeyngel

Korleis kjem du til vatnet:
Parkering ved hovudveg på Småbrekke. Fylg grusveg/traktorveg ca 300 m inn til liten flor. Her ligg Vaksdal kommune sin villmarksleir med tilrettelagt område.
Ei fantastisk oppleving av kultur- og naturlandskap får du dersom du tek T-merka rute frå Småbrekke. Her ser du velstelt kulturlandskap rundt vatnet som ligg som ein juvel midt i. Det er lett å fylja den gamle militærvegen innover fjellet. Denne vart bygd i 1926-1929 åra for at det militære skulle kunna køyra med hest og vogn over til Kvitingen i Samnanger. Vegen er ca 20 km og vart lagt fint i terrenget med muring i stein og grusing. Det var nokre stader behov for handboring og sprenging med krut. Vegen går forbi Moastølen og vidare oppover til Storlitjørna.
Gangtid: Ca 1,5 time (30 min å gå til Moavatnet og deretter ca 1 time til Storlitjørna)

Områdeskildring: Vatnet ligg idyllisk til på fjellet ovanfor Småbrekke i Bergsdalen. Det ligg heilt innunder det avskurte kvartsittmassivet Storliknausen. Det er flott å gå å fiska med stong rundt heile vatnet. Det er fint å gå og otra langs vestsida av vatnet. Det er ingen vegetasjon og difor fint å fiska med flugestong. Flott å slå opp telt. Fin elv med kulpar som renn ut or vatnet. Flott å gå over til Oddmundalsvatnet (ca 2 km - ca 1 time)

Sal av fiskekort:
Bergsdalen jorbrukslag driv svært aktivt med fiskekultivering som utsetjing av fisk, not og rusefiske, kalking og prøvefiske. I Bergsdalen gjeld eit fiskekort for heile området

Dag Brekke (Bergsdalen) Tlf. 56 59 89 30, mobil: 97634681
Johannes O. Berge (Bergsdalen) Tlf. 56 59 89 37
Per Småbrekke (Bergsdalen) Tlf. 56 59 98 68
Kjetil Rødland (Bergsdalen) Tlf. 56 59 98 65


Pris fiskekort: kr 30 1-dg, kr 60 3-dg, sesong kr 150, (prisar pr 1.1.03 kan verta endara)


Sjå samandrag fiskerapport

Vedlagte filer

kalkplan vaksdal.pdf
kalkingplan