Klikkbart oversiktskart

Hovudmeny

Kontakt oss

Kart

Aktivitetar

Kultur

Overnatting

Servering

Brosjyrer

Modalen

Osterøy

Vaksdal

Osterfjord Reiselivslag

Foto

     
English   German

0

 


Toppkategori Aktivitetar Fiske Fiskevatn Vaksdal Bergsdalen

Fiskevatn i Bergsdalen


Sjå 3-dimensjonalt opplevings- kart

27.Moavatnet

Område: Bergsdalsfjella i Vaksdal kommune
Kartkoordinat (utm): 360 148
Kartblad M 711 (målestokk 1:50 000): Evanger 1216-2
Høgde over havet: 624 m
Fiskebestand: aure
Snittvekt: ca 227 gram
kondisjons-faktor: 1,01
Prøvefiska år : 2000
Kultivering: Naturleg gyting.

Korleis kjem du til vatnet: Parkering ved hovudveg på Småbrekke. Fylg grusveg/traktorveg ca 300 m inn til liten flor. Her ligg Vaksdal kommune sin villmarksleir med tilrettelagt område. Ca 20 min å gå til Moavatnet.
Ei fantastisk oppleving av kultur- og naturlandskap får du dersom du tek T-merka rute frå Småbrekke. Her ser du velstelt kulturlandskap rundt vatnet som ligg som ein juvel midt i. Det er lett å fylja den gamle militærvegen innover fjellet. Denne vart bygd i 1926-1929 åra for at det militære skulle kunna køyra med hest og vogn over til Kvitingen i Samnanger. Vegen er ca 20 km og vart lagt fint i terrenget med muring i stein og grusing. Det var nokre stader behov for handboring og sprenging med krut.

Områdeskildring:
PÃ¥ Moastølen er det ein fin gamal støl frÃ¥ 1885. Her var det stølsdrift til i 1920-Ã¥ra. OmrÃ¥det er fint tilrettelagt for Ã¥ ta ein kvil. Moastølen kan leigast hjÃ¥ Per SmÃ¥brekke.For dei smÃ¥ er dette som eit lite eventyrrike. I ”Trollskogen” like ved stølen kan du vandra mellom eller klatra i gamle krokete bjørketre som er 2-300 Ã¥r gamle. Like ved ser ein rett inn ”trollhola” Moagjelet. Dei sprekaste kan ta ein variant opp det spesielle Moagjelet og opp om toppen av Storliknausen med vidt utsyn heilt til havs. Militærvegen gÃ¥r derimot frÃ¥ Moastølen vidare innover fjellet og opp forbi Storlitjørna.


Sal av fiskekort:
Bergsdalen jorbrukslag driv svært aktivt med fiskekultivering som utsetjing av fisk, not og rusefiske, kalking og prøvefiske. I Bergsdalen gjeld eit fiskekort for heile området

Dag Brekke (Bergsdalen) Tlf. 56 59 89 30, mobil: 97634681
Johannes O. Berge (Bergsdalen) Tlf. 56 59 89 37
Per Småbrekke (Bergsdalen) Tlf. 56 59 98 68
Kjetil Rødland (Bergsdalen) Tlf. 56 59 98 65


Pris fiskekort: kr 30 1-dg, kr 60 3-dg, sesong kr 150, (prisar pr 1.1.03 kan verta endara)

Fiskerapport samandrag: